Hei der :-)
Eg heiter Kristine og er ei jente på 26 år frå Stord.
Eg er utdanna barne -og ungdomsarbeidar og jobbar til dagleg i barnehage. 
Når eg ikkje er i barnehagen, finn du meg stort sett vandrande med eit kamera i hånda. Fotografering har nemleg blitt min store lidenskap og er det kjekkaste eg veit. Eg fotograferar heile døgnet rundt og ser alltid etter moglegheitane for å fange eit magisk øyeblikk, entan om det er natur, landskap eller mellom mennesker. 

Eg er for det meste ein sjølvlerd fotograf som har fotografert aktivt sidan 2010. Med tida har eg bygd opp ein god del erfaring innan det meste. 

Eg har kursbevis frå eit fotokurs eg gjennomførte i 2013. 
Ellers kan eg vise til papir frå fotostudier i England. 

Trives best å fotografere i naturlege omgivnadar og brukar gjerne nokon av dei monge idylliske plassane Stord har å by på. 
Dersom det er ynskjeleg med studiobilder og nøytral bakgrunn har eg rigga til eit lite studio i kjellarleiligheiten eg bur i. 

Dei beste egenskapa mine er at eg er veldig tolmodig, lett omgjengeleg og tilpasningsdyktig. Eg sett av den tida som trengs for å fange dei fine øyeblikka. 
Kvar eit oppdrag blir motatt med eit stort smil og eg vil gjere mitt beste for at du skal bli fornøgd.  Ta gjerne kontakt med meg direkte her.

Det å få lov til å dokumentere dei små og store øyeblikka som skjer rundt om kring er utruleg spennande.

Om det er ynskjeleg å følgje med på arbeidet mitt, finn du meg på ulike sosiale media under følgjande namn: 

Facebook :  Ottesen foto
Instagram:  Ottesenphotography
Snapchat:   Ottesenfoto